Gå til sideinnhold
barseltreff

Barseltreffet held fram – neste stopp er Vinje 6. mai

Etter ein vellukka oppstart med det aller første barseltreffet i banken, tek Sparebanken DIN Telemark no treffet vidare til Vinje. Tysdag 6. mai inviterer banken småbarnsforeldre til ei ny samling på Groven Camping frå kl. 11 til 13.

Det første barseltreffet vart svært godt teke imot. Målet er å kombinere sosialt samvær med nyttig og relevant fagleg påfyll i ei hyggeleg og uformell ramme.

På samlinga blir det servert mat, og deltaking er gratis.

I tillegg til å møte andre i same livsfase, vil dei som kjem også få med seg nyttig informasjon om tema mange småbarnsforeldre er opptekne av. Det faglege påfyllet vil mellom anna handle om sparing til barn, forsikringar og kvardagsøkonomi.

Som ei ekstra oppmuntring vil alle som deltek få 500 kroner i gåve frå banken, øyremerkt oppstart av sparing til barnet gjennom fondssparing via Norne, vår leverandør av fondssparing.

– Me opplevde svært god respons på det første barseltreffet, og det inspirerte oss til å ta dette vidare. Me håpar mange har lyst til å vere med når me no inviterer til ei ny samling i Vinje, seier Margit Haukvik, rådgjevar og ung-ansvarlig i Sparebanken DIN Telemark.

Barseltreffet er open for småbarnsforeldre som ønskjer ein sosial møteplass, kombinert med nyttige råd og god stemning rundt bordet.